Monday, May 14, 2007

Lag ein ny database

Velg OpenOffice.org Base. Då får du opp denne vegvisaren:

Her treng du ikkje gjere noko - Berre velg Neste.

Hvis du skal opne ein database som du har laga tidlegare vel du - Åpne en databasefil og klikkar på knappen for Åpne - då kan du leite opp databasen du skal opne - deretter vel du Fullfør.

Når du skal lage ein ny database treng du heller ikkje gjere noko meir her enn å velge fullfør - då får du opp dialogvinduet der du skal velge kvar du vil lagre databasen, og kva du vil kalle den.

Lagre databasen ein stad der du finn den igjen og gi den eit beskrivande namn. Eksempelbasen kallar eg for "Bibliotek".

At databasen blir registrert vil seie at du kan nå tak i data som er lagra i databasen i frå både Writer og frå Calc. Du kan prøve dette ved å opne t.d. ei Calc-fil og trykke på F4 - då får du opp alle dei registrerte databasane i OpenOffice og du kan bruke data frå desse i dokumenta dine.

No har du oppretta databasen og er klar til å byrje å arbeide med den, men først skal vi sjå litt på kva den inneheld:

Ein ferdig database som er brukarvennleg å bruke inneheld ferdige skjema til å registrere data i og ferdige rapportar. Grunnlaget for skjemaene og rapportane er tabellar og spørjingar.

Vi skal no opprette tabellane ved å kopiere ut sql-kode (SQL= Structured Query Language) frå eksportvinduet i Modellator.

Velg Verktøy -> SQL:

Då får du opp dette dialogvinduet:

Klikk inn i ramma under der det står "Kommando som skal utføres". Høgreklikk og velg "Lim inn" (eller hurtigtast CTRL + v):

Velg Lukk

Hvis du no klikkar på tabellar skal du finne dei fire tabellane her.

NB! Dersom du ikkje ser tabellane så er dette ein bug i Base - lagre, lukk og opne fila Bibliotek på nytt. No skal du finne tabellane. Dette skjer vanlegvis om du har klikka deg innnom tabell-verktøyet før du køyrer SQL-kommandoen. Tabellane er der, men dei visast ikkje.

Om du har gjort alt riktig kan du no sjå tabellane slik:

Database, datamodell, modellator

Kva er ein database?

Ein database er ein måte å organisere data på som gjer at ein lett kan finne den informasjonen som ein søker. Internett kan sjåast på som ein database av databasar. Eit anna eksempel på ein database er eit bilbliotek som har ein database over alle bøkene dei har inne - fordelt på t.d. kategoriar og forfattarar

Eksempel databasen

I denne rettleiinga kjem eg til å ta utgangspunkt i eit enkelt system for eit bibliotek. Vi ynskjer oss eit system med oversikt over alle bøkene og utlån av bøkene. Eg vil i dette systemet ikkje ta med kategorisering av bøkene.

Eg har brukt modellator og laga denne modellen som eg skal bruke i eksempelet:

datamodell

Eksport frå modellator

Hvis du vil eksportere modellen frå modellator må du hugse på:

  • Ikkje bruke æ, ø, å i namna på entitetar og attributt
  • ikkje bruke mellomrom, ?, - og andre spesialteikn
  • sette lengde på alle felt som er "Varchar"
Du kan no velje Fil -> Eksporter -> OK

Du får då ut dette:

Merk no alt som byrjar på CREATE TABLE og kopier dette:

No er vi klar til å byrje med base i OpenOffice.

Presentasjon

I denne bloggen har eg tenkt å legge ut ein del av det eg har jobba med i Openoffice.org. Først og fremst i Base, men også andre arbeid både i Openoffice.org og andre program.

Eg har allereide utarbeide fleire brukarrettleiingar i Openoffice.org Base og for Openoffice.org og MySql. Har og nokre små brukarrettleiingar innanfor Writer og Impress.

Av andre program som kan vere aktuelt er ulike former for programvare som ikkje vil koste noko for elevane mine som kan brukast til å lage og publisere ulike former for podCast.

Tida vil vise kor aktivt eg kjem til å oppdatere sidene. Enn så lenge finn du dei gamle sidene mine på http://ingrid.bitnexus.net/OOo